
Jæren Symfoniorkester hadde i juni et spesielt besøk. Vise-rockerne i Dag og Stasjonsungane tok turen til Nærbø og resultatet ble et samarbeid som rockere og orkester har planer om å gjenta i 2028.
– Dette var gøy, sier leder i Jæren Symfoniorkester Liv Tjemsland.
– Konserten vart veldig vellukka! Dette var tydelegvis noko som fenga, og sjølv om det var på ein onsdag, var det fullt hus med over 200 selde billettar. Konserten var faktisk utseld kvelden før, noko vi aldri i vår historie har opplevd, sier Tjemsland.
Dag & Stasjonsungane er eit populært jærsk viserock-band. Tekstane er lette å assosiera seg med for dei som har vakse opp på Jæren på 70- og 80-talet, enten ein var ein stasjonsunge eller ein ekta gardsunge. I tekstane fortel Dag om livet på garden Odland og dei trivielle opp- og nedturane.
– Arrangementa til Lars Ole Bergersen fungert veldig fint, forteller Liv Tjemsland videre.
– Det er stemning for å gjere ein ny liknade konsert, og då inkludere endå fleire fellesnummer. Viserock og symfoniorkester fungerer veldig bra – og med det jærske som fellesnemner. Unge elevar til lærarane våre i orkesteret koste seg stort på fellesnummera. Så planen er ein ny konsert i 2028, avslutter styreleder i Jæren Symfoniorkester, Liv Tjemsland.
Dag og Stasjonsungane består av Dag Madland, vokal (låtskriver); Livar Enåsen, bass; Richard Madland, gitar; Kenneth Ueland, tangenter; Sven Arne Vestbø, trommer og Lars Ole Bergersen på fiolin (også musikar i Jæren Symfoniorkester).

