Skip to content
content_top_image

Kontakt oss

Trondheimsveien 2

Postboks 4651 Sofienberg

0506 Oslo

Tlf.: 24 14 11 70

nasol@nasol.no

Orkesterkvardagen i Midt-Gudbrandsdal

Midt-Gudbrandsdal orkester (bildet er noen år gammelt)

Eit orkester er godt synleg ved konsertar og andre andre arrangement, men orkesterlivet består av så mye meir. I orkesterkvardagen er det mange ting som orkesteret og medlemmene går gjennom. Eitt av våre medlemsorkester er Midt-Gudbrandsdal Orkester. Vi fekk orkesterets leiar Tine Elisabeth Slang i tale i påska.

Orkesteret er lokalisert midt i Sør-Norge, men eksakt kvar i landet finner vi dykk?

– Du finn oss nesten midt på E6 mellom Fåvang og Vinstra. Vi har gode øvingslokal i Kaupanger i Ringebu, der kulturorganisasjonar, lag og foreningar, samt private aktørar fremjar lokal aktivitet og private arrangement held til. Her har vi øvingar kvar tysdag kl.1830 -20.45. Stutt kaffi/te-pause med kvalitetskake frå vårt kjære bakemedlem.

Har du tips om korleis ein får til effektive og gode øvingar?

– Det er vel som i dei fleste musikkensemble; møt opp og konsentrèr deg, ikkje sitt og snakk med sidepersonen.

Korleis blir den musikalske orkesterhverdagen organisert?

– Konsertmesteren har ansvar for at gruppene fungerer effektivt, held tida og har orden på noter og strøk. Vi har i tillegg ein noteansvarleg.

De har ein fast dirigent?

– Det har vi, den ungarske fiolinisten Ilona Szücs, og ho er ein stor inspirasjon for våre 12 musikarar. Vi har mista folk i høg alder, naturleg avgang, og unge som har reist for å studere. Og flytting. Vi skulle så gjerne ha vore fleire – så her er det plass. Det er berre å ta kontakt eller stikke ein tur innom oss.

Korleis arbeider programutvalget?

– Programkomiteen består av dirigent og styre. Vi legg vekt på presentasjon og programleiing av konsertane, ikkje berre musikken, og vi nyttar i stor grad eit medlem som er filolog og musikkutdanna. Han har mange slike oppdrag, særleg i folkemusikksjangeren og i lokalhistorie, og han når ut til publikum i vårt lokaldistrikt. Så vi er heldige der.

Økonomi er alltid eit tema når det gjeld orkesterkvardagen. Korleis er tilstanden hos dykk, om vi kan få spørje om det?

– Vi søkjer om prosjektmiddel både privat og offentleg, og vi får studiestøtte. Problemet vårt er likevel at mye går til løn til dirigent og innleige av musikarar fordi vi er for få. Vi har (som sikkert mange andre) for små billettinntekter. Orkesteret har 3-4 konsertar i året og har greidd til og med å leige inn musikarar på prosjektmiddel frå  for eksempel Gudbrandsdal Energi Holding og Sparebank1 Gudbrandsdal. I tillegg har vi sponsoravtale med Ringebu Rotary, samt verdifull støtte, kulturmiddel frå tre kommunar Nå skal orkesteret danne ein orkestervenn-ordning, og vi må kanskje starte med loddsal og slikt for å få inn meir pengar. Dette er noko vi har unngått fram til nå.

Har ditt orkester lykkast med å skaffe eit større publikum på konsertane?

Ja – og det er til stor glede for oss, avsluttar Tine Elisabeth Slang

Skrevet av
Trond Erikson – tlf 474 00 908

Midt-Gudbrandsdal Orkester på Facebook