Skip to content
content_top_image

Kontakt oss

Trondheimsveien 2

Postboks 4651 Sofienberg

0506 Oslo

Tlf.: 24 14 11 70

nasol@nasol.no

Eit liv med musikk…og vindruer

Kjell Seim dirigerer Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester (foto: Magnus Skrede)

Det var to kilometer til næraste nabo – og ikkje ein dirigentpinne var å sjå. Når Kjell snart rundar 70 har denne pinnen vore den trufaste følgjevennen hans i over 50 år.

Det heile byrjar faktisk på Finse – det vil seia rundt åtte kilometer frå Finse – altså på Hardangervidda. Her voks Kjell opp, og ein kan vel ikkje seia at det var den mest sentrale staden å veksa opp for det som skulle bli ein halden og kjær dirigent?

− Nei, kanskje ikkje. Men det var ei flott tid og ein veldig fin stad å veksa opp. Og det var jo då eg skulle byrja på gymnaset tidleg på 70-talet det verkeleg tok av. Det var musikklinje på Voss. Og dette var faktisk eitt av dei første stadene som hadde ei slik linje, fortel han.

Og på Voss var det ein nederlendar som skulle bli ein viktig person for Seims interesse i musikk.

−Rudolf Zwartjes var fantastisk. Han la faktisk partituret til Stravinskys «Vårofferet» i hendene mine, og då kan ein jo lura på kva som rører seg i hovudet på ein dirigent in spe, smiler han.

Og det vart starten. Berre 17 år gammal fekk Kjell Seim dirigentansvaret for 3 skulekrinsar utanfor Voss sentrum,som då vart til eitt skulekorps, og då byrja dirigentgjerning for alvor å bli ein stor del av hans liv. Det vart konservatoriet i Oslo i eitt år før han byrja på Noregs musikkhøgskule (NMH) i 1977.

Kjell har mange hyllemeter med partitur. Bak han er berre noko av det han har. (Foto: Trond Erikson)

– Det vart oppretta eit stipendiat i Bergen (på konservatoriet) medan eg gjekk på NMH, slik at eg kunne leia symfoniorkesteret på konservatoriet to gonger i veka. Eg hadde faktisk fri mellom kl.10 og kl.14, og då bar det av garde til prøver med Harmonien. Og eg sat på alle prøvene med Karsten Andersen og ei rekkje andre dirigentar. Det var nok ikkje alle gjestedirigentar som var «fra øvste hylle», men eg lærte utruleg mykje, ikkje minst ved at eg fekk aneldning til å snakka med musikarane som forklarte korleis ein ikkje skulle leia innstuderinga.

I 1984 prøvedirigerte Kjell i operaen i Oslo. Og så gjekk det fort. Det vart radioproduksjonar med Stavanger symfoniorkester og konsertar med Trondheim symfoniorkester og KORK og han debuterte i 1987 med Oslo-filharmonien. Same året vart det delt første plass i nordisk dirigentkonkurtranse med Sveriges Radio Symfoniorkester, noko som gav god pr. og det vart ein del orkestertilbod etter det.

Frå 1983 til 1984 dirigerte han Divisjonsmusikken i Bergen.

– Eg var kanskje den første sivilisten som fekk fast jobb som dirigent i eit militærkorps.

Kjell ler litt då han tenkjer tilbake på den tida.

– Eg hadde berre grada til sersjant og var nok den dårlegast betalte i korpset humrar han. Men eg fekk ein utruleg erfaring og er evig takksam for det.

Kjell har leidd alle militærorkesterene i landet, og han har dirigert alle symfoniorkestera, turnert rundt om i Europa, og dessutan Kina og Sør-Afrika og vore kunstnarisk leiar ved Kristiansand Symfoniorkester og Jönköping Symfoniorkester. Likevel er det nok dei unge musikarane som står hans hjarte nærast. Og her er BFUng (Bergen Filharmoniske ungdomsorkester) ungdomssatsinga til Bergen-filharmonien – sentral.

−Det byrja i 1997 med Ung Symfoni, som seinare (2015) vart til BFUng. Her var kulturskulen inne i biletet dei par tre første åra, men så tok pengane slutt, men sponsorar kom støttande til. Og dette prosjektet er spesielt. Det er Noregs einaste orkesterskule der musikarane møtest til prøver minst ein gong i månaden. Annakvart år reiser dei på turné rundt om i verda – og eit slikt tilbod har uendeleg mykje å seia for utviklinga av musikarar. Fleire av dei om har vore med i BFUng sit i dag i orkester rundt om i landet, seier han fornøgd.

Kjell Seim brenn for at unge musikarar skal få ei plattform å utøva musikk på. Her med BFUng (Foto: Magnus Skrede)

Kva med amatørorkestera?

− Dei er viktige! Eg har dirigert på amatørkorps og amatørorkestere og det er alltid ei glede. Arbeidet med amatørar er eigentleg akkurat likt det å jobba med profesjonelle. Så eg tenkjer ikkje så mykje på kven som sit der. Det er dei same musikalske krava som ligg til grunn. Eg ser faktisk ingen avgrensingar, sjølv med amatørar. Det er moglegheitene for å skapa som er essensielt. Det som ligg i partituret ligg der. Og det er så viktig å ta musikken på alvor. Og når eg tenkjer på barn og unge. Eg har vore med på det årlege orkesterprosjektet til Majorstua skule i Oslo der det sit 110 barn i orkesteret. Det er ein fantastisk opplevlse. Ja, dei må oppdragast, bli sette krav til, og det er slitsamt, men utruleg gøy. Og det er noko med orkesterkulturen, den må lærast, men resultatet er nesten alltid litt magisk.

– Og opera?

– Det er nok òg eitt av hjartebarna mine. Eg var engasjert som dirigent og var delaktig med på starten av Opera Nordfjord. Å dra i gang operainteressa i den regionen var fint, og eg hugsar me sette opp «Flalggermusen» i 1998 – i gymsalen på folkehøgskulen. Det var – for å seia det forsiktig – eit lokale som ikkje eigna seg til slikt, men opera vart det og no har dei jo eit fantastisk hus i Nordfjordeid!

Kjell Seim (Foto: Magnus Skrede)

− Og operainteressa vart driven vidare?

– Ja, eg var kunstnarisk leiar ved operaen i Kristiansund frå 1986 til 2021, og var gjestedirigent der i 2023 – og her har det vore ei utruleg fin utvikling. Frå ei operaveke i starten til heilårsdrift – og neste år blir det nytt hus i Kristiansund. Det blir stas. Eg håpar eg får lov å koma dit å gjesta ein gong i framtida.

Elles har Seim gjesta operahus i Helsingfors, Karlstad, Tblisi, Beograd, alle norske distiktoperaer, og dessutan Riksoperaen.

− Er det å dirigera opera- og teaterframsyningar annleis enn konsertar?

– Åja, å gjera 10, 15, ja opptil 100 framsyningar av same stykke krev noko heilt anna enn å dirigera ein eller to identiske orkesterkonsertar.

«Folk og Røvere i Kardemommeby» har runda 100 framsyningar, og eg dirigerte heile 88 Peer Gynt-framsyningar i 1993. Og Peer Gynt vart spesiell, det var første gong på nesten 100 år han vart gjord med komplett musikk av Edvard Grieg. Og med «Nøtteknekkaren» har eg nådd 148 framsyningar og passerer 150 i desember 2025.

– Korleis motiverer ein seg til å leia så mange «like» framsyningar?

– Ein finn noko nytt heile tida. I Peer Gynt til dømes, er det så mykje energi i stykket/teksten som skodespelarar og musikarar hentar ut, at det er med på å motivera kvarandre, på scena og i orkestergrava.

– Motivasjon ja. Kva er det som som driv Kjell Seim?

− Det at ting mognast, sjølv verk ein har gjort ei rekkje gonger før blir som nye – det blir som å «sko seg på nytt» med å kikka på dei «gamle» tinga, men også nye verk er alltid spennande å gyva laus på. Dei gamle klassikarane er der sjølvsagt, men eg har rokke å urframføra rundt 80 verk dei siste 50 åra, frå opera til kammermusikkverk. Tenk berre på at operaen i Kristiansund har bestilt og urframført 8-10 norske operaer og ballettar i mi tid som musikalsk leiar.

– Du bur på Ljanskollen i Oslo, ein stad som har litt musikkhistorisk sus over seg?

– Ja visst. Rett borti gata her budde Klaus Egge. Eg fekk aldri møtt han, men eg kjenner dottera, Guri Egge, så eg har vandra litt i gangane der borte. Og apropos den levande musikkhistoria. Her har me ein del å henta. Me må nemleg halda den litt eldre musikken varm! Dei kommande generasjonane må få oppleva det me kan kalla gullalderen i norsk musikkliv, Klaus Egge, Harald Sæverud, Geirr Tveitt, ja eigentleg alt frå siste del av 1800-talet og musikken til 1900-talet er det viktig å ta vare på og å framføra, så her har spesielt orkestera våre og dei kommande generasjonane av norske dirigentar eit ansvar, avsluttar Kjell Seim før han tek med journalisten ut på terrassen der det bognar av vindruer.

Og journalisten ser nok litt forvirra ut akkurat då.

– Sherry, seier Kjell og smiler lurt.

Kjell har ein lidenskap – og følgjer nøye med på vindruenes utvikling. (Foto: Trond Erikson)

Skrevet av
Trond Erikson

tlf. 474 00 908